– Vi hadde vore dumme og einfaldige om vi ikkje spegla tida vi lever i

Den songteksten Odd Nordstoga har jobba mest med, røper ein livsfilosofi som held han oppe når verda går av hengslene.

  • Tekst Silje Pileberg
  • Video Hampus Lundgren
  • Foto Ivar Kvaal

Odd Nordstoga (49) har ofte tenkt at ting gjekk betre enn det først såg ut til. I politikken, for eksempel.

Men nokre gonger har det motsette hendt. Då Donald Trump vart president i USA, «rauk den fornuftige sin dans», som han seier det. Og denne vinteren var han på skitur i Trysil då Russland invaderte Ukraina.

Hendingane fekk kvar sin låt: «Hald fast» frå 2017 og «I går» frå 2022. Sistnemnde er førebels ikkje komen ut.

– Det var sikkert ti tusen artistar som skreiv om det same. Men viss noko kjem til deg, må du bruke det. Eg tenkjer òg at det er litt ålreit at ein kan sjå samtida i låtane vi trubadurar lagar. Vi som driv med kunst og musikk hadde vore dumme og einfaldige om vi ikkje spegla tida vi lever i.

Stemma frå Vinje

Nordstoga vaks opp i Vinje i Telemark, ei bygd med ein sterk kulturell identitet, ifølgje artisten. – Alle som kjem derifrå, har litt av den identiteten i seg.

Mor hans dreiv med folkemusikk, faren med litteratur. Målsaka var viktig for dei. Sjølv om yngsteguten flytta heimanfrå – først til Bergen, så Oslo – tok han vare på både målføret og språket sitt.

– Det hadde kjendest ganske heftig viss eg kom til Oslo i 1998 og prøvde å bli artist på målet til deLillos. Det ville vore eit brot med ein del verdiar eg har vakse opp med.

Han fann sin eigen stil; vart noko ingen andre vart. «Når du er artist, er det heile poenget», forklarer han.

I 2004 fekk han det store gjennombrotet med plata «Luring». Men han vil ikkje kalle den perioden eit høgdepunkt.

– Det hadde vore heilt grusomt viss eg tenkte slik. Eg tenkjer heller at eg kjem litt vidare og lenger kvar gong eg gjer noko.

Då han vaks opp, klaga folk i heimbygda ofte over at byane fekk all merksemda i media.

– Det handlar om å kjenne seg synleg. Alle har lyst til det. Eg er takksam for at eg har lykkast med å ta med meg den identiteten og få ei stemme som kan høyrast i heile Noreg.

Nordstoga blir glad om tekstane hans når fram til folk sine hjarte. Han opplever stadig at folk spør etter låtar som «Bestevenn» og «Ein farfar i livet». Desse vart opphavleg laga for barne-tv og sistnemnte vart aldri gitt ut som single.
– Folk kan framleis tekstane, tjue år etter at eg laga dei. Det at eg har greidd å halde meg fast og etablere meg litt hjå folk, er kanskje det eg er mest glad for.
– Men å vere spelemann handlar også om å formidle gleda ved fenomenet musikk. At det svingar. Det var slike opplevingar som gjorde at eg sjølv vart fanga av musikken, fortel han.

– Alt som lever, strekkjer seg mot lyset

Nokon av Nordstoga sine songtekstar er djupe. Andre er meir overflatiske. Begge deler er greitt, og begge deler trengst, meiner han.

Inspirasjonen kan vere vrien, men Nordstoga finn han ofte i det nære. Alle bilturane gjennom granskogen på veg til Trysil, der kona har arva ein gard, resulterte til dømes i låten «Min eigen poesi» frå 2021. Neste plate kjem i haust og skal heite «Inn i skogen». Éin song kan føre nye ting med seg.

– Det er så fort å romantisere seg vekk og tenkje på palmar og azurblått hav. Men det er jo i granskogen vi lever ut draumane våre, vi som lever her nord.

Til sommaren ventar festivalar, konsertar og forhåpentleg litt samanhengande fri. Det blir nemleg ikkje sommar utan Sørlandet, Trysil, Vinje, kajakktur med kameratar, gjerne ein fjelltur – og vedhogst.

– Ein må gjere litt slikt for at kroppen skal bli klar for ein ny haust.

For hausten vil komme. Vinteren, òg.

Og når det er som mørkast, har Nordstoga ein livsfilosofi på lur. Han skreiv om han i songen «Fatig ferdamann»; ein tekst han brukte minst eit halvt år på:

Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom,
som tøyer seg ut mot det store rom,
og alltid vil snu seg dit sola står –
så er den vel slik òg, den vegen eg går.

– Alt som lever, strekkjer seg mot lyset. Difor tenkjer eg at det gode alltid vil vinne over mørket. Det er litt trøyst i å tenkje slik, når det verkar som om verda blir meir og meir styrt av forferdelege folk.